Elektrokonvulsiv behandling blir brukt fordi den verkar raskt og er svært effektiv når behandling med legemiddel ikkje har vort tilstrekkeleg eller der behandling med medikament ikkje er anbefalt (for eksempel på grunn av besværlege biverknader).
Effekten blir også vurdert ved andre psykiske lidingar som mani og nokre former for schizofreni. Ved alvorleg depresjon som kan vere prega av næringsvegring, sjølvmordsfare og vrangførestilling, bør behandling med ECT vere eit førsteval. Dette gjeld også depresjonar ved høg alder.
Elektrokonvulsiv terapi består ofte av 6-12 behandlingar. Behandlinga er frivillig og du må gi skriftleg samtykke til at behandlinga skal gjennomførast.
Tilvising og vurdering
Det er lege eller psykologspesialist som vurderer om ECT kan vere ein god behandling for deg. Tilvisinga blir prioritert av lege som vurderer om du får tilbod om behandling eller ikkje.