Behandling
Bipolar lidelse - medikamentell behandling
Medikamentelle behandlinga av bipolar liding inneber at du tar medisiner for å stabilitere stemningsleiet. Medikamentar gjeld både i behandlinga av ein aktuell episode (mani eller depresjon) og i førebygginga av nye episodar.
Før
Før oppstart går du saman med din lege gjennom kva slags medisinar du bruker no, og kva du har brukt tidlegare, og i kor stor grad du har opplevd effekt eller biverknaden. Nokre har også eigne meiningar om kva slags medisinar dei ønsker. Det er viktig for oss å få vite om dette.
Medikamentell behandling kan ha biverknader. Derfor går vi saman gjennom moglege biverknader av medisinane du skal bruke.
Under
Det er fleire typar medisinar som har god effekt.
Litium eit grunnstoff som blir brukt mykje i behandling av biopolar liding. Litium skal brukast i små og presise doser, derfor skal du ta blodprøvar for å sikre at du får rett dose. Antipsykotiske medikament kan vere aktuelle i ein manisk fase. I ein depressiv fase blir også stemningsstabiliserande medikament brukt.
Etter
Vedlikehaldsbehandling
Mange med bipolar liding bør ha tilgang på medisinar dei kan starte på med ein gong ved teikn til mani eller hypomani, så kalla vedlikehaldsbehandling. Målet er å unngå nye fasar av mani eller depresjon. For mange vil medisineringa for mange vare livet ut. Når du og legen har funne ei effektiv vedlikehaldsmedisin, er det vanleg at fastlegen din følger deg opp vidare.
Dersom du mot anbefalinga frå legen vel å slutte med medisinane, er det svært viktig at du trappar ned gradvis for å unngå tilbakefall eller akutt forverring.
Kontakt
Voss DPS NKS Bjørkeli
Voss DPS NKS Bjørkeli
Kontakt Voss DPS NKS Bjørkeli
Oppmøtestad
Resepsjon, bygg 3Besøkstider
Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Etter avtale med avdelingen.
Voss DPS NKS Bjørkeli
Bjørkelivegen 27
5705 Voss
Åpningstider
- I dag 08:00 - 15:30