Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Råd til deg som har sjølvmordstankar

Mange har tankar om sjølvmord i løpet av livet, og du kan ha det utan å vere psykisk sjuk. Men blir tankane for tunge, treng du hjelp. Behandling nyttar, og det er mange som kan og vil hjelpe deg.

aniskt av trist mann

Det er ikkje uvanleg å ha sjølvmordstankar. I løpet av livet vil dei aller fleste av oss oppleve at ein ikkje strekk til. 

Dette er spesielt vanleg i forbindelse med belastning og påkjenning, som for eksempel ved samlivsbrot, konflikt, sjukdom eller utfordringar i arbeidslivet. Då er det ikkje unormalt å føle skuld eller få tankar om døden og at livet ikkje er verdt å leve. Det er ikkje eit teikn på svakheit, men eit teikn på at livet ikkje er slik det bør vere, og at det trengs endring for å få det betre.

Vær open og ærleg om korleis du har det. Då er det enklare for andre å forstå deg og hjelpe deg. Husk at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar. Det å snakke om tankane dine kan hjelpe deg med å finne løysingar og få trøyst og støtte. Snakk gjerne med nokon du stoler på, for eksempel eit familiemedlem, ein nær ven eller fastlegen din.​​

Hjelpetelefonar og anna hjelp

Fastlegen har informasjon om ulike lavterskeltilbod der du bur og kan sende tilvising til psykolog eller anna behandling i kommunen eller i spesialisthelsetenesta. - Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117 - Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113 - Mental Helse: 116 123 - Røde Kors: 800 33 321 - Kirkens SOS: 22 40 00 40
Helsenorge.no - hjelp ved sjølvmordstankar
ansikt av trist kvinne
Sist oppdatert 01.06.2023