Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ledige stillingar

Voss DPS har driftsavtale («sjukehusavtale») med Helse Vest RHF og eigast av N.K.S. Vestland, Hordaland. Me er distriktspsykiatrisk senter med befolkningsansvar innan psykisk helsevern vaksne for Voss lokalsykehusområde, dvs. kommunane Voss, Kvam, Vaksdal, Ulvik og Eidfjord, ca 24.000 innbyggjarar over 18 år.

Naturbilde, person på ski
Foto: J.Tøn

Voss DPS består av ei døgnavdeling med 12 senger og ein poliklinikkavdeling med allmennpsykiatrisk seksjon og rehabiliteringspoliklinikk. Poliklinikken har dessutan eit godt utvikla gruppetilbod med fokus på traumer og personlegdomsforstyrringar. Me har ca 80 ansatte. Me er tverrfagleg samansatt med psykiatarar, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar, klinisk sosionom, fysioterapeutar, hjelpepleiarar, ergoterapeut, musikkterapeut, jobbspesialistar, aktivitetsleiar og sekretærar. Me har tett samarbeid med Helse Bergen. Me har dessutan eige kjøkken, reinhaldspersonell og vaktmeister.

Voss DPS ligg ein drøy time frå Bergen (med tog), 10 minutters gange frå jernbanen i sentrum. Me har eit fagmiljø i vekst, eit godt arbeidsmiljø og flotte lokaler.
Voss byr på vakre naturopplevingar, eit spennande kulturtilbod og ca 15.000 gode naboer.

Ledige stillingar

Overlege – vikariat ved Voss DPS 

Arbeidsgjevar: Voss DPS NKS Bjørkeli 

Stillingstittel: Overlege 
Stad: Voss 

Tilsetjingsform: Vikariat 

Oppstart: Etter avtale 
Varigheit: Etter avtale 
Søknadsfrist:  

Om oss 

Då ein av våre overlegar skal ut i permisjon søker vi vikar for denne. Ved Voss DPS tilbyr vi behandling til pasientar med moderate til alvorlege psykiske lidingar i eit trygt og strukturert miljø. Vi har eit særs godt arbeidsmiljø, prega av samarbeid, fagleg engasjement og høg kompetanse. Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg team  som jobbar tett saman for å gje pasientane best mogleg behandling. Som psykiater ved Voss DPS vil du møte eit stort og engasjert fagmiljø som vil ønske deg velkommen som kollega i vidare utvikling av våre tenester til det beste for pasientane i kommunane Voss, Kvam, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal. 

Som tilsett blir du godt kjend med den vakre bygda Voss, som ligg midt i smørauget av dei beste naturopplevingane Vestlandet har å by på, og i tillegg har eit rikt og spanande kulturtilbod, med fleire festivalar og faste arrangement. Med toget kjem du deg enkelt og miljøvennleg til både Oslo og Bergen.  

Ved døgnavdelinga er det 12 sengeplassar og behandlarteam beståande av overlege, LIS, psykologspesialist og psykolog – i tillegg til miljøpersonale. Ved poliklinikken har vi to poliklinikkar: allmenn med gruppeteam og rehabilitering. 

Vikariatet gir opning for arbeid ved enten døgnavdeling eller poliklinikk, dette avklarar vi med deg før oppstart. 

Arbeidsoppgåver 

  • Utgreiing, diagnostikk og behandling av pasientar ved døgnavdelinga og/eller poliklinikk 

  • Delta i tverrfaglege behandlingsmøte og fagutvikling 

  • Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell 

  • Samarbeid med fyrstelinja 

  • Bidra til kvalitetsarbeid og utvikling av behandlingslinjer 

  • Delta i fagutvikling og forbetringsarbeid lokalt 

     

Vaktordning 

Stillinga inngår i bakvaktsordning for DPS-et med heimevakt. Vaktbelastninga er moderat og godt tilrettelagt for balanse mellom arbeid og fritid, og det er i dag 8 legar som inngår i vaktordninga. 

Kvalifikasjonar 

  • Norsk autorisasjon som lege med spesialisering i psykiatri 

  • Erfaring frå døgnbehandling er ein fordel 

  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra positivt i team 

  • Norske språkferdigheiter, munnleg og skriftleg 

     

Vi tilbyr 

  • Eit inkluderande og engasjert fagmiljø med høgt fokus på kvalitet 

  • Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale (Overeinskomst for spesialisthelsetenesta) 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Moglegheit for fagleg utvikling og kurs 

  • Subsidiert kantine og tilgang til treningsrom 

  • Fleksibel arbeidstid og fokus på balanse mellom jobb og fritid 

  • Internundervisning og lokale rettleiingsgrupper 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP 

     

Blir du lokka av ein variert kvardag med gode utviklingsmoglegheiter, og kjenner deg klar for å ta steget vidare i karrieren din? Då vil me gjerne høyra frå deg!

Er det noko som er uklart? Ta gjerne kontakt. 

Søknad sendast på epost: post@bjorkeli.no

Kontaktpersonar:

 

Telefon: 56514000

Sist oppdatert 21.01.2026